Hopp til innhold

Bakke på benken mot Viking

Sogndal må klare seg utan nøkkelspelarane Eirik Bakke (33) og Even Hovland (22) i den viktige kampen mot Viking.

Eirik Bakke

SKADD: Eirik Bakke er skadd, og blir ikkje å sjå i kampen mot Viking.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal Fotball møter Viking på Fosshaugane Campus klokka 19.00 i kveld. Lagkaptein Eirik Bakke seier til NRK.no at han har ein ankel som ikkje er heilt bra. Han blir difor ikkje å sjå på bana i dag.

33-åringen måtte avbryte treningsøkta på fredag på grunn av skaden i ankelen. Bakke måtte melde pass på treninga både laurdag og søndag.

Even Hovland (22) blir heller ikkje å sjå i dagens kamp. Han fekk raudt kort mot Aalesund for to helgar sidan.

Per-Egil Flo og Joe Bendik er derimot klare igjen for kamp etter motorsykkelulykka for halvanna veke sidan.

  • Desse speler frå start: Kenneth Udjus, Mats Solheim, Per-Egil Flo, Gustav Valsvik, Isac Sceel, Aie Elvis, Henrik Furebotn, Ulrik Flo, Ole Jørgen Halvorsen, Barry Kader og Cato Hansen.