Hopp til innhold

Midtbanejuvel skuffa over å ikkje få bli Brann-spelar

Stephané Diarra Badji er skuffa over at Sogndal Fotball ikkje vil la han gå til Brann.

Stephane Diarra Badji

SKUFFA: Stephané Diarra Badji ville heller ha spelt torsdagens treningskamp mot Sandefjord i Brann sine raude fargar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Midtbanespelaren seier til Bergensavisen at han ikkje forstår kvifor klubben ikkje vil la han gå til bergensklubben.

Då Brann i desember baud over to millionar kroner for midtbanespelaren, svarte Sogndal med eit priskrav som kjølna interessa.

– Brann er ein stor klubb som eg likar. Eg skulle gjerne spelt for dei, seier 22-åringen til avisa om interessa frå klubben Sogndal berga plassen mot slo i serieavslutninga i fjor.

Førstevalet

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, ynskjer ikkje å kommentere interessa frå Brann, men han stadfestar overfor Bergensavisen at det ikkje har kome nye bod frå raudtrøyene.

Badji var Brann sitt førsteval som Rodolph Austin sin erstattar. Også Ole Gunnar Solskjær og Molde skal vere interessert i å hente Badji.

– Sogndal har prisa han ut av verdsmarknaden, seier Skarsfjord til BA.

Skreiv ny kontrakt

Senegalesaren uttala i fjor haust til NRK.no at han ikkje ynskte å spele kommande sesong for dei svartkvite frå Sogndal.

I byrjinga av desember fortalde sportsleg leiar at klubben hadde kome til semje om ei ny kontrakt med Badji .

– Stephané er happy og innstilt på å køyre vidare med oss og jobbe knallhardt, sa Flo då.

Vil til Brann

No legg ikkje 22-åringen skjul på at han ynskjer seg vekk frå Sogndal og seier han ikkje forstår kvifor Sogndal ikkje gir slepp på han.

– Eg trur Brann har kome med eit greitt bod, og eg veit at klubben ynskjer meg. Eg veit ikkje kvifor Sogndal ikkje vil selje meg, seier han til BA.