Mette Gundersen er dagleg leiar ved Havhesten svømmeanlegg. Ho merkar godt at folk trekkjer inn for å bade i sommar.
– Det er litt for kaldt ute og det har vore kaldt heile sommaren fram til no. Då er det få som vågar seg ut. Her inne er det godt og varmt, seier ho.
Svømmeanlegget i Florø har rundt 200 til 300 besøkande kvar dag i sommar. Gundersen fortel at det i stor grad er barnefamiliar som kjem.
Quynn Le tok med seg familien til Havhesten denne veka.
– Vi har tatt oss litt fri i dag fordi vi har besøk og ville kose oss. Vi tenkte først å dra på stranda, men dette var plan B sidan det regna.
Varierande besøk i fylket
Hjå Høyangerbadet er sesongen så langt noko dårlegare enn i fjor.
– I fjor var jo eit svært bra år. I år har helgene vore veldig bra, men besøket i vekedagane er dårlegare enn i fjor, seier Svein Erik Lillehauge ved Høyangerbadet.
Heller ikkje Lustrabadet har ikkje besøkstal som kan måle seg heilt med fjoråret.
– Vi har litt lågare besøkstal enn i fjor. Det trur eg i hovudsak er fordi vi hadde fleire arrangement i nærleiken i fjor, seier Gunn Åsebø ved Lustrabadet.
- Les også:
Stengt i fjor, rekord i år
På Sandane opna badeanlegget att i mars, etter å ha vore stengt i over eit år. Dagleg leiar ved Trivselshagen Bad og Idrett, Øystein Sundal, fortel at folk har strøymt til etter opning.
– Vi er godt nøgd med besøkstala og vi har sett besøksrekord kvar månad etter opning. Folk set pris på å kunne bade og svømme igjen, seier han.
Han merkar godt at vêret spelar inn på folk sine badevanar.
– Vi ser tydeleg at dei dagane gradestokken bikkar 20 og det er sol, så vil folk vere ute, mens på gråvêrsdagar søkjar dei innom hus.
Også svømmeanlegget i Førdehuset har mange besøkande denne sommaren. Svømmehallen var stengt i heile fjor sommar, men samanlikna med besøkstala for sommaren 2015, ligg dei godt over gjennomsnittet.