Hopp til innhold

Baby til lege etter å ha blitt påkøyrd

Politiet rykte måndag kveld ut til eit trafikkuhell i Gloppen.

gloppen

Ei barnevogn vart påkøyrd av ein ATV, som er eit lite motorisert køyretøy med fire hjul.

– Barnevogna vart øydelagd, og babyen er sendt til lege for ein sjekk, seier operasjonsleiar hjå politiet, Espen Gulliksen til NRK.

Politiet kan ikkje gå nærmare inn på kvar i Gloppen uhellet skjedde, og det er enno uklart korleis det kunne skje.

– Vi veit ikkje årsaka til uhellet, men dette vil verte etterforska vidare, seier Gulliksen.