Hopp til innhold

Azar Karadas er ettertrakta

Både norske og tyrkiske klubbar er interesserte i kompetansen til mannen som i går sikra eitt poeng for Sogndal.

Sogndal - Brann

ATTRAKTIV: Azar Karadas.

Foto: NRK

Etter det Sogn Avis kjenner til har Brann og Lillestrøm hatt følarar ute, i tillegg har to klubbar i Tyrkia vist konkret interesse.

Azar Karadas har kontrakt med Sogndal ut sesongen, men han kan signere intensjonsavtale med ny klubb 1. juli. Sogn Avis skriv at han truleg skal i samtalar med dei interesserte laga i løpet av dei komande vekene.

– Sogndal passar perfekt

Men samstundes utelukkar han ikkje at han held fram i Sogndal etter denne sesongen.

– Eg er utruleg takksam for at Sogndal gav meg sjansen. Eg har store ambisjonar og forventningar til meg sjølv, og er oppteken av å vere ein stad der eg kan utvikle meg vidare.

– Sogndal oppfyller desse kriteria, og passar dermed perfekt for meg. Det skal ikkje undervurderast i ei avgjerd rundt framtgida, seier Azar Karadas til Sogn Avis.