Hopp til innhold

Nøstar opp i narkobruk på ungdomsfest

Politiet i Flora startar denne veka etterforskinga av ein privatfest der ungdomar heilt ned i 15-årsalderen røykte hasj.

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon

ETTERFORSKAR: Politiet i Flora vil denne veka avhøyre fleire ungdomar som deltok på ein fest der det vart røykt hasj. – Vi var på staden og køyrde ungdomar heim til foreldra sine i helga. No er vi inne i ein ny fase og vil bruke taktisk etterforsking for å finne ut kva som faktisk har skjedd, seier stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var natt til laurdag at politiet rykte ut og stogga ein privatfest med kring 20 ungdomar .

Denne veka blir fleire av desse, med føresette, kalla inn til avhøyr ved politistasjonen i Florø.

– Vi har oversikt over kven som var der, og i løpet av veka håpar vi å få avdekka omfanget og kven som eventuelt har røykt hasj, seier stasjonssjef Robert Veseth.

Varsla føresette

Politiet stogga festen i helga, og føresette til 11 mindreårige vart varsla om festen. Veseth seier det er ei utvikling dei likar dårleg, dersom det stemmer at det har vore røykt hasj på festen.

– Dersom det stemmer at personar ned i 15 årsalderen har røykt hasj, så er dette noko vi ser på som alvorleg. Vi ynskjer å førebyggje dette, og vil prioritere saka så vi får avdekka kven som har brukt og eventuelt får ein slutt på det, seier stasjonssjefen.

– Uvanleg

Politiet kjem frå tid til annan over personar under 18 år som brukar narkotika. Veseth seier det er uvanleg at ungdomar i 15-årsalderen blir tekne.

Han ynskjer ikkje å spekulere i om hendinga i helga er eit signal om at narkotikabruken er utbreidd i ungdomsmiljøet.

– Vi må halde oss til fakta og sjå kva som kjem fram gjennom samtalar og avhøyr. Så får vi sjå om det er meir utbreitt enn vi først har tenkt og forstått, seier Veseth.