Hopp til innhold

Avhøyr av vitne til utforkøyringa

Politiet veit framleis ikkje årsaka til ulukka ved Mekevika i Flora i går. Vitne skal no avhøyrast. – Vi er interesserte i å få eit breiast mogleg bilete av hendinga, så viss det er fleire som har sett noko som ikkje har vore i kontakt med politiet, så ynskjer vi at dei tek kontakt, seier Wenke Hope, tenestestadsleiar for politiet i Flora.