Hopp til innhold

Avgjerd om Astrupsenter utsett

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane utsette i dag avgjerda om Astrupsenter i Jølster.

Astrupsenter-teikningar
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Eit samrøystes fylkesutval avgjorde at dei skal på synfaring til området, før dei tek stilling til den omstridde saka om besøkssenter i Astruptunet. Ei slik synfaring skal haldast så snart som råd.

Strid om kvar senteret skal liggje

Jølster kommune ynskjer å legge senteret i tilknyting til Astruptunet. Dette mellom anna av di at fasilitetane i heimen til den kjende kunstnaren Nikolai Astrup likevel må rustast opp.

Andre forkjemparar som ivrar for å flytte det planlagde senteret til 67 millionar kroner til Ålhus, har samla inn nær 1.000 underskrifter .