Hopp til innhold

Avgjerande kamp

I kveld møte Førde sine damer Fjellhammer i den andre kampen om opprykk til 1. divisjon i handball. I førre kamp vann Førde-damene med fire mål.

Marit Ova Bøyum (t.v.) og Martine Vindheim

AVGJERANDE KVALIKKAMP: Marita Ova Bøyum og Martine Vindheim.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er veldig nervøs, men samstundes så gleder eg meg veldig, seier Martine Vindheim.

Etter at Selbu IL tidlegare valde å trekke sitt lag i 1. divisjon Kvinner var det duka for kamp om den ledige plassen. Dei som kjempar er Førde og Fjellhammer, som var dei de beste tapande laga frå kvalifiseringa i april

Då dei to laga møttest for ei veke sidan gjekk det Førde sin veg, og kampen i kveld blir avgjerande kven av dei som rykker opp i 1. divisjon.

– Det blir kjekt å spele heime med forhåpentlegvis mykje publikum. Men samstundes så er jo litt nervøs og, for folk trur kanskje at dette skal bli lett, sidan vi vann førre kamp med fire mål.

Vinn Førde i kveld er det avgjort. Skal Fjellhammer rykke opp må dei vinne med fem mål. Skulle Fjellhammer vinne med berre fire mål er det duka for ein tredje avgjerande kamp på ein nøytral arena (Gol) førstkomande tysdag.

– Eg trur jo at dette skal vi klare, men fire mål går fort i handball.

Firemålssigeren frå førre kamp gjer at Førde-damene kjenner på at det ligg eit visst forventningspress på dei framfor kveldens kamp.

– Det gjer jo det. Det burde ikkje gjere det, men slik er det no seier Marita Ova Bøyum.

– Ein handballkamp kan snu fort. Førre gong leda Fjellhammer med tre mål før vi henta dei opp, og så bølga kampen fram og tilbake før vi til slutt avgjorde.

– Heller ikkje i kveld er noko avgjort før dommaren bles av kampen.