Hopp til innhold

Avbles flaumfaren i Fortunsdalen

LUSTER (NRK): Smeltevatnet frå breen i Fortunsdalen stig ikkje lenger. Det viser undersøkingar NVE har gjort.

Harbardsbreen

STIG IKKJE: Det er ikkje lenger fare for flaum i Fortunsdalen, etter at tilsiget frå breen no er målt til å gå ned.

Foto: Privat

Dermed er det ikkje lenger fare for at smeltevatnet vil fløyme nedover dalen.

– No ser det ut til at tilsiget frå breen går ned. Det var på det høgaste rett etter midnatt i natt. Erfaring frå tidlegare tyder på at då er vi ved slutten av jøkulaupet, seier seksjonssjef i NVE, Rune Engeset.

Faren over for denne gong

Beredskapen i Luster har vore stor og innbyggjarar 50 bebuarar i 20 husstandar vart vurdert evakuerte etter at NVE fredag ettermiddag varsla at det kunne kome store mengder vatn ned Fortunsdalen.

Rune Engeset

FØLGJER UTVIKLINGA: Sjølv om faren ser ut til å vere over, seier Rune Engeset, seksjonsleiar i NVE, at dei framleis vil følgje utviklinga.

Foto: NVE

– Det har kome rundt 5,5 million kubikk vatn ned, men det har kome over såpass lang tid, over tre døgn, slik at det ikkje har blitt dei store vassføringane på ein gong, seier Engeset.

I løpet av dagen skal Hydro opp med helikopter for å synfare vatnet, for å stadfeste at det er over.

Vil følgje med på utviklinga

Det er nok ikkje siste gong vi høyrer om det til no lite kjente fenomenet jøkullaup.

– Det har vore fleire jøkullaup dei siste åra enn det har vore tidlegare og dette kan skje på fleire brear. Det skuldast at breane blir tynnare og smeltar ned. Då dannar det seg slike demningar, som av og til punkterer, seier Engeset.

NVE kjem til å følgje med på utviklinga utover dagen, i samråd med Hydro.

– Hydro har gode observasjonar frå både dammen og elva nedstraums. Men det ser ut som om jøkullaupet ser ut til å vere over, seier han.