Hopp til innhold

Breflaumar kan gje katastrofale resultat

Styresmaktene har kontroll over den pågåande breflaumen i Luster i Sogn. Men over heile verda fryktar forskarane konsekvensane av dei dramatiske jøkullaupa.

Helikopterbilete over jøkullaupet frå Harbardsbreen i Luster

SVÆRT MYKJE VATN: NVE og Hydro var i føremiddag i helikopter over det flaumråka området nedanfor Harbardsbreen i Luster.

Fredag kom den dramatiske meldinga om at smeltevatn frå Harbardsbreen hadde danna ein bresjø som når som helst kunne bryte demninga i Fortunsdalen.

No melder NVE at dei enorme vassmengdene ser ut til å finne sin veg ned i elvene utan fare for liv og helse, men at beredskapen blir halden oppe på eit høgt nivå til ein er heilt trygg.

Skjer stadig oftare

– No har jøkullaupet pågått i nær 30 timar og i føremiddag hadde vi synfaring frå helikopter saman med Hydro. Vi såg då at bresjøen som no blir tømt har senka seg med fem meter sidan tømminga starta i går føremiddag, seier seksjonssjef Rune Engeset i Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE), til NRK.

Både i Fortunsdalen i Luster og ei rekkje andre stader i Norge og verda elles har såkalla jøkullaup skjedd stadig oftare dei siste tiåra. Breane trekker seg tilbake og periodar med varmt vêr, gjer at bresjøar kan oppstå, og dermed auke faren for akutte flaumar.

Fører til dramatiske flaumar

Miriam Jackson i NVE sa til NRK Viten i fjor at dette er eit problem her i Norge, og peika mellom anna på at i Koppangen i Lyngen i Troms var det heile ni slike jøkullaup i 2013.

– Dette problemet er ganske alvorleg i Norge, men det er også eit globalt problem som forskarane prøver å kartlegge, sa Jackson.

I andre delar av verda har slike jøkullaup ført til dramatiske øydeleggingar. Ikkje minst i dei mektige dalane under breane i Himalaya.

Til dømes i områda rundt isbreen Pindari i delstaten Uttarakhand i India. Så mange som 800 døydde då flaumen kom, og rundt 100.000 menneske måtte evakuerast.

INDIA-FLOOD-MONSOON-RESCUE

STORE ØYDELEGGINGAR: Jøkullaup frå Pindari-isbreen i India førte til enorme øydeleggingar i 2013.

Foto: Afp

Overvakar situasjonen nøye

I Fortun i Luster har Hydro og NVE halde kontroll med vassmassane heile helga. Førebels ser det ut til at det denne gongen ikkje blir nokon stor skadeflaum. men 100 prosent trygge kan dei ikkje vere før sundag.

– No er det slik at Hydro har halde lukene opne slik at dei har sleppt ut meir vatn enn det som har kome inn. Dei klarer også å fange opp mykje av det vatnet. Rundt klokka 12 hadde dei om lag 2,5 millionar kubikk ledig i dammen. Men det er klart at utover natta så kjem det til å renne noko over og ned elva. Men vi trur det kjem til å gå ganske fint, seier Rune Engeset i NVE.

Styresmaktene og Hydro, som driv kraftproduksjon i området, vil halde breflaumen under nøye oppsikt.

Flaumen i Supphelledalen i 2004

KNUSTE TRE OG VEGAR: I 2004 blei Supphelledalen i Fjærland i Sogn råka av ein stor breflaum.

Foto: NRK