Hopp til innhold

Aurlandsskoen aukar produksjonen

Produksjonen av den tradisjonelle Aurlandsskoen blir tredobla.

Aurlandsskoen

Skoen har vore produsert om lag slik han er i dag sidan 1930. No skal skoen få nye fargar og fornya design, for skofabrikken i Aurland vil nå nye marknader. Det fortel Arve Tokvam som representerar bedrifta i eit presseskriv.

- Vi viste dei tilreisande Aurlandssko i ulike fargar i fjor sommar, kanskje det er vegen å gå for å nå nye målgrupper?

Turistattraksjon

Årsaka til produksjonsauken er at skofabrikken har blitt ein turistattraksjon for tilreisande som vil sjå korleis den ein gong så populære skoen blir til. I fjor vart fabrikken ein del av samarbeidsprosjektet Économusée Northern Europe, som vil ta vare på tradisjonsrikt handtverk og fornye det gjennom turisme.

Nytt design

Fabrikken har merka at interessa frå tilreisande har auka, men det er ingen av turistane som kjøper med seg skoen. Dei tilsette ved fabrikken arbeider no med å finne nye stilar og måtar å produsere skoen på, så han skal bli både billigare og meir attraktiv for dei som tar turen til skofabrikken.