Hopp til innhold

Aurland skofabrikk feirar 75 år – eldste skofabrikk i landet

På det meste var det nitten skoprodusentar i Aurland, no er det berre éin att. I dag feirar Aurland Skofabrikk 75 år.

I dag feira Aurland Skofabrikk, Norges eldste gjenverande skofabrikk, 75 år.

FØR OG NO: Dagleg leiar i Aurland Skofabrikk, Geirfinn Lysne, viser fram Aurlandsskoen: til venstre slik den såg ut først på 1900-talet, til høgre slik den står fram i dag.

Skoen har opplevd oppturar og nedturar gjennom sin 75-år lange historie. Dagleg leiar Geirfinn Lysne seier dei ikkje har blitt freista til å endre på fasongen for at skoen skal halde seg relevant gjennom skiftande trendar.

– Held du på lenge, så tangerer du motebiletet før eller seinare og gjerne fleire gonger. Men det vi har gjort er at vi har leika mykje med fargar. Det er den same skoen, men uttrykket blir totalt forandra alt etter kva farge den har, seier han.

Tradisjonsrik historie

Mannen bak den legendariske Aurlandsskoen er Nils Tveranger, født i 1874. Som tjueåring kom han tilbake frå ei reise til USA, der han truleg hadde lært seg skomakarkunsten.

Aurlandskoen på catwalken i Aurland

SISTE SKRIK: På catwalken vart dei siste kolleksjonane av den tradisjonsrike skoen vist fram.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Den tidlege utgåva fekk namnet Nasjonalskoen og kom på marknaden tidleg på 1900-talet. Aurlandsskoen, slik vi kjenner den i dag, vart til på 1930-talet. Den gong vart den referert til som ein mokasin.

Tveranger opplevde stor suksess med sine tidlege kreasjonar. Fleire vart inspirerte til å starte eigen skoproduksjon og etter kvart vaks det opp eit skomakarmiljø i Aurland.

Eldst i landet

Ut av dette miljøet oppstod Aurland Skofabrikk. Fabrikken vart etablert i 1939 av Inga og Andreas Wangen. Det er dermed den eldste attverande skofabrikk i landet. Fabrikken vart driven av familien Wangen i tre generasjonar fram til 2008, då lokale investorar tok over.

Verksemda har i dag seks heilårstilsette og produserer om lag 6500 par sko i året.

I tilknyting til fabrikken vart det i 2009 opna eit visingssenter, der turistane kan oppleve skomakarane i arbeid.

«Kongen» brukte kopien

Aurlandsskoen har òg spelt ei birolle i eitt av historias mest berømte dansetrinn. Det har seg nemleg slik at aurlandsskoen vart kopiert av Bass Company i 1936, då under namnet "weejuns", som i "norwegians".

Og det var nettopp the Bass Company som supplerte Michael Jackson med lêrmokasinar under stordomstida på åttitalet.

– Så med ein viss grad av sanning kan me seia at Michael Jackson gjorde sine "moonwalk" i ein kopi av aurlandsskoen, fortel Geirfinn Lysne.

Satsar på ny rekord

I samband med jubileet har det blitt sett i gong eit verdsrekordforsøk. Målet er å lage eit lêrbelte som er over 100 meter langt. Geirfinn Lysne fortel korleis ideen dukka opp.

– Det var vel ein lys haustkveld, det er gjerne då ein kjem på sånt, seier han og held fram:

– Aurlandsbeltet har lange tradisjonar, i alle fall tilbake til 1915. Og me lagar belte på mål til både smale og rundare personar. Så eg tenkte, viss me lagar eitt på ein meter og tjue, kvifor kan me ikkje berre fortsette, seier Lysne.

Han byrja å bla i bøkene for å finne førre rekordhaldar. Den vart sett av ein fabrikk i Hellas og er på 68 meter.

Når vi snakkar har beltet allereie vakse seg åtte meter langt.

– Åtte meter på to timar, då er me ferdige i morgon, seier ein optimistisk dagleg leiar.

Skal sette ny rekord med jubileumsbelte

AMBISIØSE PLANAR: Daniel Valchizan (8) og Paula Valchizan (10) viser fram eit lêrbelte som etter planen skal inn i Guinness rekordbok. Rekordforsøket vart sett i gong i dag i anledning 75-årsjubileet og målet er at det skal bli over 100 meter langt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK