Hopp til innhold

No har dei fått straumen tilbake

Om lag 1000 straumkundar i Aurland var ei stund utan straum etter eit straumbrot måndag kveld.

Aurlandsvangen

HER ER DEI UTAN STRAUM: Det er uvisst når straumen kjem tilbake.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Klokka 20.00 måndag kveld vart det mørkt i store delar av Aurland. Også Lærdalstunnelen vart stengd ein periode då halve tunnelen låg var utan straum.

– Det er ein feil i det overliggande nettet. Ei 66 kv-linje mellom kraftstasjonen Aurland2 og kraftstasjonen Aurland3 ligg ute, fortel sjef ved Aurland Energiverk, Helge Morten Vangen.

Ein del har fått att straumen. Både i Lærdalstunnelen og oppover mot Vassbygda kan har ein no straum, i tillegg har Flåmsdalen fått straum frå Finse.

Klokka 22.25 fekk heile Aurland tilbake straumen att. Då dei fekk i gong kraftstasjonen på Vangen.

– Elles er det bekmørkt og om lag 1000 kundar er utan straum, sa Vangen til NRK.no tidlegare på kvelden.

Usikkert når straumen kjem tilbake

Eco er kraftprodusenten i Aurland. Dei har gjort forsøk på å starte opp kraftstasjonen på Vangen, men har hatt problem med det. Det var difor usikkert når straumen kunne kome tilbake.

– Dette er litt usikkert. Viss ikkje dei får start på kraftstasjonen på Vangen, altså Aurland4, så må dei vente til linja er fiksa. Den ligg oppe på mellom 1300–1400 moh. så det må ein vente til det er lyst med, sa Vangen tidlegare på kvelden.

Kan vere snøskred som er årsaka

Årsaka til feilen er ikkje klar og Vangen ønskjer heller ikkje å spekulere i kva det kan vere. Men tre er det ikkje, då er det heller eit snøskred, seier han.

Akkurat no jobbar åtte-ti personar på kraftstasjonen på Vangen for å løyse problemet.

– Om dette varar er det klart at det får konsekvensar for folk. Vi er jo svært avhengige av straum, fortel han.