Hopp til innhold

Aurland er budsjettvinnaren

Aurland kommune er den lokale vinnaren etter at Statsbudsjettet for 2012 vart lagt fram i dag.

Noralv Distad og Bjørn Lødemel.

VINNAR: Noralv Distad (t.v.) og Aurland kommune er fylkes store budsjettvinnar.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Kommunen der Noralv Distad (H) skal ta over ordførarklubba, er venta å få nær 100 millionar kroner overført frå den raudgrøne regjeringa til neste år.

Det er ein auke på sju prosent i høve revidert nasjonalbudsjett frå mai i år.

– Vi har mange oppgåver å ta fatt på, så dette er pengar vi skal bruke vel til det beste for oppgåvene vi skal utføre, seier Distad.

Gulen taper

På landsbasis opplever kommunane ein vekst på 4,7 prosent i dei frie inntektene. I Sogn og Fjordane har 12 av 26 kommunar vekst som er høgare enn, eller lik, veksten på landsbasis.

I tillegg til Aurland, opplever også Leikanger, Førde og Gloppen vekst på over seks prosent.

– Som kraftkommune har vi ikkje vore vand med så altfor store overføringar frå Staten, så det kan vere nye utrekningar. Det som er viktig er at vi styrkar budsjettet, seier Distad, som overtek ordførarklubba i Aurland etter Olav Ellingsen.

Misunner ikkje

Trude Brosvik

FÅR MINDRE: Avtroppande ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Som einaste kommune i fylket med vekst på under tre prosent, har Gulen lågast vekst med 2,7 prosent.

Avtroppande ordførar Trude Brosvik (KrF) misunner ikkje arvtakar Hallvard Oppedal (Sp) og resten av dei påtroppande kommunepolitikarane. Ho meiner tida ikkje er inne for å innføre nye ting i Gulen.

– Dersom dei som no tek over skal halde løftene frå valkampen om å tilbakestille kutta som er gjort, så misunner eg dei ikkje. Det blir vanskeleg å få til når du ikkje får dekka løns- og prisveksten, seier ho.

– Nøkternt budsjett

Liv Signe Navarsete

HISTORISK: Dei øyremerkte midlane er historisk låge. – Vi er opptekne av at midlane i størst mogleg grad skal vere frie. Det er viktig at ein sjølv lokalt kan prioritere midlane, seier Navarsete.

Foto: Aleksander Andersen / Scanpix

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) skildrar kommunebudsjettet som nøkternt, men også som i tråd med det som vart varsla i mai gjennom kommuneproposisjonen.

På landsbasis får kommunane vekst på 3,75 milliardar kroner i frie inntekter, og ein samla vekst på fem milliardar kroner.

– Det er viktig for oss å ha eit godt velferdstilbod, og det gir rom for å vidareføre eit høgt aktivitetsnivå. Men det er også nøkternt i den forstand at det ikkje gir rom for dei store utskeiingar, seier Navarsete.

Næringsliv

I tillegg til dei frie inntektene får kommunane overført 5,6 milliardar kroner til Samhandlingsreformen som trer i kraft frå 1. januar.

Reforma legg opp til at innbyggjarane i større grad skal få hjelp og oppfølging i sine kommunar framfor sjukehus.

– Vinnaren av budsjettet er dei kommunane som er godt i gang med det arbeidet, og som kan nytte av midlane til å styrkje det førebyggande arbeidet og slik sett betre folkehelsa, få ned talet på det som må bruke tenestene og på sikt få endå større romslegheit i sine budsjett, seier Navarsete.

Næringslivsutvikling

I Aurland meiner påtroppande ordførar Distad at delar av inntektene må rettast mot næringslivsutvikling.

– Kommunen har slite med folketalsnedgang og ikkje hatt den næringsutviklinga vi vil ha, slik at vi må ha fokus på det framover, seier Distad som også gler seg over at regjeringa ikkje fjernar taket på eigedomsskatt for kraftverk.

Regjeringa føreslår heller å auke maksimumsgrensa med fem prosent i 2012 og ytterlegare med 11 prosent i 2013.

Meir eigedomsskatt

I tillegg føreslår regjeringa at kapitaliseringsrenta blir sett til 4,5 prosent i 2011. Minimumsgrensa blir derimot halden uendra.

Endringa skal tilføre norske kraftkommunar 420 millionar kroner meir av den verdiskapinga som blir skapt.

– Det er ein god start. Vi som kraftkommune ynskjer ikkje noko tak, men å fjerne grensa. Det er heilt rimeleg og naturleg at vi får god utteljing av verdiane som blir skapt i dette området. Det blir overført store verdiar frå Aurland til andre område. Det er veldig viktig at vi får mest mogleg nytte av denne verdiskapinga lokalt, seier Distad.

Kommunevis oversikt over frie inntekter

 

Annslag frie inntekter 2012

Vekst frå RNB 2011 til 2012

Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal og dekkje kostnadsauken frå 2011 til 2012. Denne er rekna til 3,25 prosent.

Kommune

(1 000 kroner)

Nominelle kroner (1 000 kr.)

Prosent

Flora

552 723

28 067

5,3

Gulen

139 977

3 630

2,7

Solund

59 331

1 952

3,4

Hyllestad

88 316

2 945

3,5

Høyanger

224 492

10 165

4,7

Vik

150 931

4 795

3,3

Balestrand

84 590

3 867

4,8

Leikanger

113 177

6 980

6,6

Sogndal

319 779

16 185

5,3

Aurland

99 720

6 544

7,0

Lærdal

123 089

4 233

3,6

Årdal

266 191

10 481

4,1

Luster

261 796

8 804

3,5

Askvoll

163 120

6 229

4,0

Fjaler

162 811

7 432

4,5

Gaular

149 088

4 587

2,9

Jølster

164 812

9 008

5,5

Førde

544 844

31 452

5,7

Naustdal

142 797

6 692

4,6

Bremanger

222 771

9 317

4,1

Vågsøy

297 973

10 074

3,2

Selje

150 015

5 296

3,4

Eid

269 151

10 925

3,9

Hornindal

74 416

3 695

5,0

Gloppen

299 822

17 682

5,9

Stryn

346 810

14 874

4,1

Fordelast gjennom året

11 300

 

 

Sogn og Fjordane

5 483 844

244 910

4,3

Sogn og Fjordane fylkeskommune

2 053 168

84 045

4,0

Ekspander/minimer faktaboks