Hopp til innhold

Auka trafikk gir auka optimisme

– Kvivsvegen gir stor regional utvikling, og det er før E39 er lagt om, seier Svein Sunde i Gode Vegar.

Kvivsvegen
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Lobbyorganisasjonen som kjempar for betre vegar i Indre Nordfjord viser til auka trafikk på Kvivsvegen og Stigedalen.

– Det at vi har fått slike utslag før E39 er omgjort, er vi positivt overraska over. Det talar for at Kvisvegen og ein E39 i indre vil gi langt høgare regional utvikling enn vi har sett føre oss tidlegare, seier Sunde.

Større vekst enn venta

Antall køyretøy som passerer fylkesgrensa via Stigedalen og Kvivsvegen har auka med nesten 70 % prosent i mai i år, samanlikna med i fjor.

Dette talet har ein kome fram til ved å samanlikne statistikken frå ulike målepunkt det siste året.

  • I mai 2012 var det 1201 kjøretøy som passerte i snitt kvar måned ved tellepunktet i Stigedalen.
  • I mai 2013 var det 824 kjøretøy som passerte i snitt kvar måned ved tellepunktet i stigedalen.
  • I mai 2013 passerte 1188 på tellepunktet i Kvivstunnelen

Altså tilsaman passerte det 824 (Stigedalen) +1188 (Kvivsvegen) som då blir 2012 bilar i mai 2013 (samla). Til samanlikning passerte det 1201 bilar i Stigedalen i mai 2012. Den samla auken er dermed nesten 70 prosent eller på 811 bilar.

Samstundes seier Sunde at tala viser at gjennomgangstrafikken frå nord til sør gjennom Nordfjord no er i ferd med å flytte seg til indre Nordfjord.

– Vi hadde ikkje venta at så mykje trafikk allereie no ville gå om indre trasé. Brua over Nordfjorden bør gå i indre for det skaper ein ny bu- og arbeidsmarknadsregion mellom Sandane, Stryn og Skei. Det er også det raskaste nord-sør-sambandet mellom Volda og Skei.

Tykkjer det er positivt

Ordførar i Eid kommune Alfred Bjørlo seier dette er ei positiv utvikling som må opne for å bygge fleire vegar.

– Nettopp dette gir styrka argumentasjon for at det er rett å byggje denne type vegar som opnar regionale bu- og arbeidsmarknader. Det vil også ei realisering av E39 gjennom midtre Nordfjord gjere. I staden for at betalte lobbyistar motarbeider andre vegprosjekt, så burde vi backe kvarandre for å få vekst i heile regionen, seier Bjørlo.