Auka inntekter for SafeClean

Pilene peikar rett veg for SafeClean i Høyanger etter at dei auka inntektene med 30 prosent frå 2016 til 2017. Det skriv Ytre Sogn. Resultatet auka frå 1,7 millionar til 2,8 millionar. Etter oljekrisa måtte bedrifta gå frå 40 og ned til 11 tilsette. No er dei oppe i 25 tilsette.