Åtvarar partifellar om regionomkamp

Ordførar i Florø, Ola Teigen (Ap), åtvarar partifellane om å vere med på regionomkamp og oppheve fylkessamanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland, skriv Firda. – Prøver fylkestinget å få oppheva fylkessamanslåinga, vil det setje mange arbeidsplassar på Leikanger og i Førde i spel. Dette bør Arbeidarpartiet ikkje vere med på, seier Teigen til avisa.

Vegopning på Bergum i Førde kommune