Hopp til innhold

Åtvarar mot Sogndalselva

Erik Kristian Steinset i Jølster rafting oppmodar folk om å vere forsiktig med å setje utpå Sogndalselva utan svært gode kajakkunnskapar.

Sogndalselva mellom Tyldum og Kollsete
Foto: MMSfoto: Arne Eithun

– Den elva er ikkje til å spøkje med for dei som ikkje kjenner den skikkeleg. Ein bør vere svært erfaren og dyktig før ein legg ut på den elva, seier Steinset.

LES ÓG: Kajakkpadlar funnen død

Mellom 4 og 5

Elver blir graderte frå 1-6 etter kor farlege og vanskeleg dei er å padle i. Ein seksar på denne skalaen vil seie at elva er livsfarleg og svært vanskeleg – nærmast umogleg – å padle i.

– Sogndalselva ligg mellom fire og fem, påpeikar Steinset.

Ulukker

Dei siste åra har det vore fleire ulukker der utanlandske padlarar har mist livet. Etter ei ulukka i Sjoa i fjor, etterlyste politiet eit strengare regelverk for dei som fer ut på eigenhand.

Steinset seier det kan vere noko å tenkje på.

– Eg har prata litt med nokre personar i Sjoa-miljøet, og det har vore ein tendens til at spesielt aust-europearar og russarar set utpå elva nesten uansett vannstand, fortel Steinset.

Vanskeleg å få til

– Med bakgrunn i det kunne det vore ein tanke å ha eit regelverk for at ein ikkje får setje utpå visse delar av elva når vannstanden er for høg, held han fram.

Men han veit ikkje korleis dette skal gjennomførast.

– Det er kanskje mogleg å få til, men det blir slett ikkje enkelt. Eg klarer ikkje å sjå for meg korleis det eventuelt skal gjennomførast, seier den erfarne padlaren.