NRK Meny

Åtte målscorarar på to kampar

Sogndal 2 har starta sesongen i 3. divisjon med mange mål og stor effektivitet. I går kveld vann dei 4-1 borte mot Volda, etter mål av Jonas Denk (2), Anders Lerheim Olsen og Henrik Ørpetveit. I første serierunden vann dei 6-1 over Hødd 2. Då scora Fredrik Flo (biletet) to mål, Ørjan Sørflaten, Ruben Holsæter, Joar Tryti og Henrik Navarsete eitt kvar. Med andre ord har åtte spelarar teikna seg for scoring for Sogndal 2 etter berre to serierundar.

Fredrik Flo i aksjon for Sogndal
Foto: Rune Fossum / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.