Hopp til innhold

Atle (66) fekk denne i nota: – Det stoppa heilt opp for meg nokre sekund

Driftsleiaren på oppdrettsanlegget ved Stad gjorde store auge då han denne veka oppdaga ei kjempestor makrellstørje i laksemerda.

Kjempestor makrellstørje som gjekk i laksemerd på Stad

UVANLEG FANGST: Den 243 kilo tunge makrellstørja fekk dei tilsette ved oppdrettsanlegget til å sperre opp auga.

Foto: Privat

– Plutseleg fekk eg auge på dette veldige dyret som låg der. Eg veit ikkje heilt kva eg tenkte eller ikkje, det stoppa heilt opp nokre sekund, fortel Atle Beitveit til NRK.no.

Det var nettstaden iLaks som først fortalde historia om den spesielle fangsten i oppdrettsmerden.

Gjekk gjennom sterk not

66-åringen er driftsleiar ved Marine Harvest sitt lakseoppdrettsanlegg på Beitveit på Stad. Ein jobb han har hatt i over 30 år.

Arbeidet dei skulle gjere denne veka var rutineprega. Beitveit fortel at dei ville ha talet fisk i merdane ned, og at dei difor skulle fordele dei på fleire merdar.

Dei var nesten ferdige med arbeidet, då dei plutseleg vart merksame på noko heilt anna enn laks som sprella i nota. Beitveit seier han i nokre sekund vart sett heilt ut, før han forstod kva det var.

– Eg såg det var ei makrellstørje, og tenkte fort på rømming og korleis dei hadde kome seg inni der.

Beitveit handla raskt og fekk varsla områdeleiren, dykkarar og Fiskeridirektoratet. Dykkarane var raskt på plass og kunne konstatere at makrellstørja hadde gått inn på 19 meter.

– Dette var ei heilt ny not, og ein spesiell type som skal vere veldig sterk. Men den har greidd kome seg gjennom på 19 meter og laga seg eit fint lite hol, seier Beitveit.

– Veldig spesielt

Han trur ikkje makrellstørja hadde vore lenge i nota, då dei hadde sjekka den tidlegare same ettermiddag utan å sjå noko. Det har ikkje blitt registrert noko rømming.

Beitveit trur ikkje den 243 kilo store makrellstørja var ute etter laksen i merden. Han trur det er rikeleg av makrell i fjorden utanfor, og at det kan ha gått fisk tett opptil lyset frå merdane som har lokka størja tett på.

– Og så har den vore uheldig.

– Det var veldig spesielt. Eg har aldri drøymt om å få sjå noko slikt nedi ei not.

Fleire har sett makrellstørje langs land

Bileta av den store makrellstørja har dei siste dagane vore å sjå på fleire forskjellige nettstader, og Beitveit har fått høyre frå andre i området at dei også har sett snurten av tunfisken.

– Etter at dette skjedde har eg fått høyre frå lokalbefolkninga at dei har sett ein del størje langs etter land utover fjorden.

Makrellstørja som gjekk i laksemerda vart målt og undersøkt av utsendingar frå Fiskeridirektoratet, og seinare var det skulebåten Skulebas som tok over den. Den er knytt til Måløy vidaregåande skule, der elevane no får filetere ein litt anna fisk enn dei er vande med.