Hopp til innhold

Astruptunet får ikkje ekstramidlar

Jølster kommune har sagt opp avtalen dei har med Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Astruptunet
Foto: NRK

Det betyr at dei ikkje får ein del av utviklingsmidlane som Kyrke- og Kulturdepartementet løyver.

Om musea vil ha desse midlane, må kommunen gje frå seg drifta av musea att.

LES ÓG: – SFJ Kunstmuseum må ta skulda

Konsolideringsprosess

– Dersom ein ikkje går med i den konsolideringsprosessen, vil ein ikkje få ekstra utviklingspengar til dei musea. Då blir det inga styrking, og ein blir ståande på det nivået ein har i dag, seier Sissel Loen, leiar for Hovudutvalet for kultur.

Denne prosessen er starta av Kulturdepartementet, og tek sikte på å slå saman små museum til større einingar for å skape sterkare fagmiljø og meir samarbeid.

Besøkstal

Dei siste dagane har det kome fram at besøkstala for mellom anna Astruptunet i Jølster har gått ned, etter at Sogn og Fjordane Kunstmuseum tok over drifta.

Avtalen mellom Jølster kommune og SFJ Kunstmuseum, var at etter fem år kunne Jølster reforhandle eller seie opp avtalen.

I fjor var det politisk semje om å seie opp avtalen.

Men no i haust skal kommunestyret vurdere om dei skal ta opp att samarbeidet, eller om dei skal drifte musea i kommunen sjølv framover.

Ikkje prioritert

SV-representant Jakop André Sandal i kommunestyret, vil gå inn for at kommunen overtek drifta av musea i framtida.

– Vi føler at galleria i Jølster ikkje blir priortiert så høgt som vi skulle ynskje, og potensialet som ligg i Astruptunet spesielt blir ikkje utnytta, seier han.

Sandal ser med uro på nedgangen i besøkstalet etter at Sogn og Fjordane Kunstmuseum tok over drifta, og meiner politikarane i kommunen vil gjere noko med situasjonen.

– Det er stor politisk vilje i Jølster for å gjere noko som set galleria våre på kartet, meiner han.

Tilbake til kommunen

For SV er det då naturleg å ta drifta tilbake til kommunen.

– Det må dei ta konsekvensane av sjølve, konstaterer Sissel Loen.

Det vil gå ut over økonomien og utviklinga til musea?

Eg trur det vil gjere det ja. Vi har ikkje oversikt over kva dei totale konsekvensane vil bli, men som sagt, departementet har påpeika at det ikkje kjem ytterlegare midlar dersom ein ikkje klarer å gjennomføre konsolideringsprosessen, understrekar Loen.