Hopp til innhold

Askvoll må ha ny ordførar

Når Frida Melvær no blir stortingsrepresentant må det veljast ny ordførar i Askvoll. Det er Gunnar Osland frå Venstre som er varaordførar, men det er ikkje slik at han automatisk rykker opp som ordførar. – Vi har så smått starta prosessen og skal ha møte i partia. Det er kommunestyret som til slutt skal velje ny ordførar mellom dei som sit i formannskapet, seier Osland.

Gunnar Osland
Foto: Gunnhild Årdal / NRK