NRK Meny

Arrangerer renn etter planen

Alt tyder på at krinsmeisterskapen i langrenn vert avvikla etter planen 15.–17. januar på Langeland skisenter i Gaular. Det melder Sogn og Fjordane skikrins. Fleire skirenn i fylket har den siste tida vorte avlyste på grunn av snømangel. Den siste veka har skisenteret på Langeland hatt døgnkontinuerleg drift av snøproduksjonsanlegget, og ein ser det no som svært sannsynlegvis at produksjonen av kunstsnø skal redde meisterskapen neste helg.

2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar
Stortingsvedtak om vestlandsregionen