– Eg prøvar å reise ned att to gonger i året med klede og tørrmat, seier Tonje Hamrum. Ho kjem frå Hafslo, men bur no i Florø der ho jobbar som pedagog i ein barnehage. Ho brenn for å hjelpe folket i Zambia.
– Det er det eg har kunna bidra med fram til no, sidan alt har kome frå eiga lomme. No vil eg hjelpe meir!
For å kunne mobilisere fleire arrangerer ho i dag ein basar som finn stad på Quality Hotel i Florø.
– Det blir åresal og auksjon av bilete borna på barneheimen har måla sjølve, i tillegg til andre premiar. Engasjementet frå folk her i Florø har vore suverent. Det nærmar seg åtti premiar no!
Les også:
Starta i studietida
– Eg budde i Livingstone i Zambia i 2011, då eg studerte til å bli førskulelærar, og forelska meg raskt i landet. Eg skreiv bacheloren min der, og hadde praksis i SOS Barnebyar, noko som var ein augneopnar for meg, seier Hamrum.
Ho endra heile tankesettet sitt etter møtet med fattigdomen.
– Alle vil nok kjenne på det å møte ein kultur som er så fattig, å sjå at dei har akkurat nok til å overleve, men ikkje meir. Eg kjente veldig på det då eg kom heim og skulle kjøpe meg ei jakke til 600 kroner. Kva kunne dei ha brukt desse pengane på?
– Eg gjekk mange rundar med meg sjølv. Treng eg dette? Svaret var som regel alltid nei. No har eg ein veldig bevisst tankeprosess på kvifor eg kjøper ting, og det eg sparar brukar eg på å hjelpe venene mine i Zambia.
Les også:
Pengane går til barneheim
Summen ho får samla inn på søndag er det ein heilt spesiell barneheim som skal få.
– Lubasi Home er ein barneheim med mellom 50 og 60 born. Alle som jobbar der er frivillige. Dei får ikkje noko støtte frå staten for å drive det, så alle pengar dei har kjem frå veldedigheit. Det er ikkje alltid det strekk til, og då prioriterer dei borna framfor løn til seg sjølv, seier Hamrum.
No håpar ho å kunne gjere kvardagen til både born og arbeidarar litt enklare for ei stund.
– Eg håpar eg kan kome ned med mykje pengar, slik at dei som jobbar på Lubasi Home kan gje borna ein endå betre kvardag, seier ho.