Årets bedrift i Luster

Avery Dennison NTP i Gaupne er kåra til årets bedrift i Luster. Det er næringsutvalet i Luster kommune som deler ut prisen. I grunngjevinga for prisen vert det mellom anna vist til at bedrifta går godt, at den satsar lokalt og set Luster på kartet. Bedrifta har kring 170 personar på lønslista for tida.

Ordførar Ivar Kvalen og dagleg leiar Tom Dyrdal.
Foto: Olav Grov/Luster kommune