Sist Årdal kommune fekk selskapsskatt frå Hydro, kunne det ofte kome opp i 20 millionar kroner i året, avhengig av kor godt aluminiumproduksjonen gjekk. Så kom ei omlegging av skattereglane, ei omlegging som gjorde at Årdal miste desse inntektene. Som eit vederlag fekk kommunen då først fire millionar, seinare åtte millionar kroner i året i ei ekstra skjønsutbetaling.
Skjønsmidlane fell vekk
No skal kommunen igjen få selskapsskatt frå Hydro, og då skulle ein tru at alt var fryd og gammen. Men nei, reglane blir slik at Hydro kjem til å betale så lite i skatt at Årdal taper nesten fem millionar kroner i året, for dei åtte millionane i skjønsmidlar fell vekk.
Omstillingskommune
Og no ber Årdal kommune og rådmann Terje Moe Kommunaldepartementet om å sjå på saka på ny. - Årdal er jo ein omstillingskommune med mange store utfordringar. Så dette er det verste tidspunktet å kome med ei endring på, seier han.