Hopp til innhold

Årdal blir truga med Robek

Fylkesmannen varslar at Årdal kommune vil bli meld inn i Robek dersom kommunen ikkje følgjer eigen plan for å dekkje inn underskotet på 15 millionar kroner.

Arild Ingar Lægreid

MØTE: Ordførar Arild Ingar Lægreid har invitert fylkesmann Anne Karin Hamre til møte for å diskutere den alvorlege økonomiske situasjonen i Årdal. Han seier til Sogn Avis at det ikkje er noko heilage kyr.

Foto: Hanne Stedje, porten.no

Ifølgje Sogn Avis er underskotet frå 2011 og skal vere dekt inn i løpet av to år.

Per 6. august var 48 kommunar registrerte i Robek-registeret. Av desse Flora, Vik og Bremanger frå Sogn og Fjordane. No kan dei få selskap av Årdal.

– Dersom vi ikkje greier å gjere noko med situasjonen sjølve, så kan det vere realitetar i dette, vedgår ordførar Arild Ingar Lægreid overfor avisa.

– Stor utfordring

Robek er eit register over kommunar og fylkeskommunar som må ha godkjenning frå Kommunal- og regionaldepartementet for å kunne utføre gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar.

Og Årdal må redusere driftsutgiftene med åtte millionar kroner i budsjettet for 2012. Kommunen har berre greidd å redusere revidert budsjett med mellom 2,5 og tre millionar, skriv Sogn Avis.

– Det blir ei stor utfordring for oss å leggje budsjettet for 2013, seier han til avisa.

Ser ikkje betring

Kommunen er frå før inne i ei tung tid med mykje motgang på industrifronten. I løpet av dei siste åra har kring 400 arbeidsplassar forsvunne meir eller mindre i det stille ved Hydro Aluminium.

I tillegg gjekk Dooria konkurs, medan også NorSun slit i motgang. Ordføraren seier at også kommunen slit med inntektene, spesielt gjeld dette svikt i skatteinntektene.

– Eg ser inga endring til det betre på inntektssida. Vi får jamvel mindre inntekter enn vi rekna med, også etter at vi nedjusterte inntektene i det reviderte budsjettet, seier han til Sogn Avis.