Sidan slutten av juni i år har det vore stor aktivitet ved Tørvis Hotell i Marifjøra. Det gamle hotellet skulle pussast opp for 12 millionar kroner og fleire lokale entreprenørar i Luster fekk kontraktar. Det er uklart kor mykje tid og pengar dei har brukt så langt i restaureringsarbeidet, men etter det NRK har grunn til å tru, er det er snakk om fleire millionar kroner.
Uteståande pengar
Tørvis Invest som eig hotellet har betalt for ein del av arbeidet, men framleis er det mange som har krav mot selskapet. For eksempel har firmaet Røyrleggjarservice åleine uteståande mellom 400.000 og 500.000 kroner. Korkje byggherren eller nokon av dei andre aktørane som har hatt oppdrag på hotellet vil uttale seg om saka.
Kan ta tid
Håpet deira er nok at Jon Nyborg som kjøpte Tørvis hotell har alt sitt på det tørre og ikkje blir dømd for forsikringssvindel. Men ein slik prosess tar tid, og dei lokale entreprenørane kan ikkje rekne med ei avgjerd med det første. Inntil vidare må dei forhalde seg til dei kalde fakta, nemleg at Luster Sparebank har sperra kontoen til Nyborg-eigde Tørvis Invest. Per i dag er det difor heilt i det blå om millionane som er uteståande nokon gong blir betalt.