Hopp til innhold

Ann Kristin (25) byggjer veg over Filefjell

TYINKRYSSET (NRK): Eit beist av ein bulldosar er Ann Kristin Vigdal (25) sin arbeidsreiskap. Ho er ein av 250 arbeidarar som deltek i utbetringa av den fire mil lange europavegen over Filefjell.

Ann Kristin Vigdal

TRIVST GODT: Ann Kristin Vigdal (25) likar seg når ho køyrer den 23 tonn tunge bulldosaren. Ho jobbar i selskapet Hæhre og deltek i bygginga av den nye E16 over Filefjell.

Foto: Bård Siem / NRK

Det er enorme krefter i bulldosaren som skubbar store mengder stein og grus i samband med ferdiggjering av den nye europavegen. Vi er ved Tyinkrysset i Oppland, like ved inngangen til den nye tunnelen mot vest og Sogn og Fjordane. 25 år gamle Ann Kristin Vigdal er ei av tre jenter som jobbar på anlegget. Ho trivst i det mannsdominerte miljøet og i bulldosaren.

– Ja, i bulldosaren har eg det fint. Eg likar å byggje veg, seier ho smilande.

Jobbar lange dagar

Frøys Frøyslid (68) er driftsleiar i entreprenørselskapet Hæhre. Han er godt nøgd med framdrifta i arbeidet.

– Her jobbar vi frå sju om morgonen til 20 på kvelden. I dei mest hektiske periodane har vi også jobba på natta. Det har gått fort unna, og vi kjem til å bli ferdige før den opphavlege tidsplanen, seier han.

Ann Kristin Vigdal

BLIR INSTRUERT: Ann Kristin Vigdal (25) får instruksjonar frå driftsleiar Frøys Frøyslid (68). Vigdal køyrer bulldosar som ho brukar til å jamne ut grus som blir tippa frå lastebilar.

Foto: Bård siem / Nrk

Kostar 3,2 milliardar

I utbetringa av Filefjellsvegen inngår ny veg heilt frå Øye i aust, via ein lang tunnel på toppen av fjellet, og vidare ny veg til Borlaug i Sogn og Fjordane. Dette er ei strekning på fire mil, og dei samla kostnadene vil kome på 3,2 milliardar kroner. Mesteparten av utbetringa på vestsida er ferdig, og ny vegbane på heile strekinga vil vere klar i 2018.

Viktig utbetring

Odd Erik Haugen, prosjektleiar i Statens vegvesen, fortel at den nye vegen vil gjere det langt lettare å køyre over Filefjellet.

– Den nye vegen er heva opp to til tre meter i høve til eksisterande veg. På den måten vil snøen blåse lettare av. På dei vanskelegaste strekningane byggjer vi såkalla fresefelt. Dette er eit ekstra felt utanfor køyrebana som kan fresast vekk for å unngå høge brøytekantar, seier han.

Anleggsmaskinar

STOR MASKINPARK: På det meste har det vore 150 anleggsmaskinar i sving under bygginga av den nye vegen over Filefjell.

Foto: Bård Siem / NRK

Gatelys på høgfjellet

Haugen fortel vidare at det også blir montert såkalla uvêrslys på delar av strekninga.

– Dette er ein type gatelys som vil bli tende når det er dårleg sikt. I tillegg vil ei vanskeleg strekke bli fjerna ved hjelp av den nye tunnelen. Målet er at det skal bli endå tryggare og meir føreseieleg å køyre bil mellom aust og vest, seier han.