Hopp til innhold

Anmelder StatoilHydro

Norges Miljøforbund går drastisk til verks etter oljeutsleppet onsdag.

StatoilHydro
Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

- Saka er så alvorleg at den må etterforskast av politiet, seier Jan-Hugo Holten, fagansvarleg for olje og shipping i Miljøvernforbundet til na24.no.

Oppgitt

Holten seier at utsleppet ikkje kom som noko overrasking på dei. Han seier dei har venta på dette lenge.

- Vi har fått fleire meldingar om at både Statoil og Hydro ikkje tilstrekkelig har vektlagt alt som har med HMS å gjere, seier han.

- Når ein rørledning sprekk på denne måten, tydar det på mangefull inspeksjon av den, meiner han.

Han er oppgitt over at dagens utstyr ikkje held mål i uver.

- Staten gjer ikkje nok for å skaffe tilstrekkeleg og effektivt nok utstyr. Det held ikkje å skryte av at det investerast så og så mange millionar kroner i nytt utstyr når det er ubrukeleg under slike verforhold, seier han.