Hopp til innhold

Andreas (30) kan bli årets unge bonde

Mjølkebonden Andreas Bolset (30) frå Jølster er nominert til årets unge bonde. – Det er viktig for landbruket i Sogn og Fjordane, seier bondelagsleiar Anders Felde.

Andreas Bolset

HÅPAR: Andreas Bolset er ein av 19 kandidatar som kjempar om prisen som årets unge bonde. Det er folket sine røyster og avgjerda til ein fagjury som avgjer om jølstringen får prisen 12. november. – Folk må bestemme sjølv kven dei skal stemme på, men eg håpar at nokon stemmer på meg, seier Bolset.

Foto: Norges Bondelag / NRK

Jølstringen er 16. generasjon som driftar garden med 55 mjølkekyr og 55 kviger og kalvar. På garden har Andreas Bolset eit nytt og moderne fjøs, som vart teke i bruk for to år sidan.

– Livet som bonde er godt. Ein har kanskje litt mindre fritid enn andre, men ein får styre sin eigen arbeidsdag, seier 30-åringen i ei pressemelding frå bondelaget.

– Gode førebilete

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde

LEIAR: Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner nominasjonen er viktig for landbruket i Sogn og Fjordane.

– Unge bønder som har trua og som er stolte matprodusentar, er gode førebilete for vidare rekruttering til landbruket, seier Felde.

Prisen er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonalds og Felleskjøpet Agri, og blir delt ut for sjuande året under Ung Bonde-samlinga i Oslo 12. november.

– Viktig kåring

Bolset er ein av 19 kandidatar som publikum kan røyste på. Dei fem med flest røyster går til finalen, der ein vinnaren vald ut av ein fagjury, som blir leia av landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).

– Dette er ei viktig kåring, og eg håpar at vinnaren i år kjem frå Sogn og Fjordane, seier Felde.

Kriteria for å få prisen er at bonden er under 35 år, er matprodusent og at han kan vere til inspirasjon for at andre skal finne vegen til landbruket.