Hopp til innhold

Anders (75) har køyrd buss i 55 år, no legg han nøklane på hylla

STRYN (NRK): I ein mannsalder har han frakta folk og fe dit dei skal. Han har vore glad i jobben sin og funne meining i han. No får han ikkje lov til å køyre lenger.

Anders Eide i bussen

VEMODIG: Anders Eide tykkjer det er vemodig å måtte slutte i jobben sin etter 55 år

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg har køyrd godsbuss, rutebuss, ekspressbuss og eg har køyrd skulebuss. Eg har vore borti det meste, kan du sei. Det seier Sogn og Fjordane sin mest erfarne bussjåfør, Anders Eide.

Det røynde sjåføren har vitja dei fleste krokar av fylket sitt i løpet av ein lang karriere, men etter fylte 75 er det rett og slett ikkje lenger lov å jobbe som bussjåfør. Han får ikkje fornya førarkortet sitt.

– Det vert ein brå overgang, for no har eg jobba jamt i heile sommar. Det vert ein brå slutt, seier 75-åringen.

Anders Eide i bussen 2

KUNNSKAPSRIK: Eide vert skildra som ein kunnskapsrik bussjåfør av dei rundt han.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Faren var bussjåfør

Interessa for å køyre buss fekk han tidleg.

– Faren min var bussjåfør, og eg byrja å øve meg på fanget hans, og så vart berre interessa stigande.

Det er ikkje mange som held ut 55 år i arbeidslivet, og i alle fall ikkje i same yrket. Det var heller ikkje planen til Eide at han skulle halde på så lenge.

– Eg hadde tenkt å gje meg då eg vart sytti år, men då sa folk at det måtte eg no ikkje gjere. Så då har det no berre blitt til at eg har vorte med heilt til no. Eg måtte jo spør kona, og ho sa at eg berre kunne halde på så lenge eg hadde lyst.

Sjå Anders her:

Anders Eide har vore bussjåfør i 55 år

Har likt seg godt

Det er ikkje berre høg arbeidsmoral som har haldt han i jobben heller, han har likt seg godt heile vegen.

– Det har vore herleg. Om eg hadde hatt ein annan jobb hadde eg sikkert vore pensjonist for lenge sidan, seier Eide.

Å ha ein så erfaren bussjåfør med på laget har vore ein stor glede for billaget, fortel avdelingsleiar i Nordfjord Firda Billag Asgeir Myklebust.

– Det har vore veldig trygt og godt å kunne ringe han Anders. Han har alltid stilt opp, og han har hatt stor kunnskap om det som skal gjerast.

Kjem til å sakne jobben

Det kan altså ikkje billaget rekne med lenger, og det er nok litt vemodig, også for han sjølv.

– At eg kjem til å sakne det er heilt sikkert. Men det må berre vere sånn, når tida er komen for å slutte, då må ein slutte, avsluttar Eide.