Hopp til innhold

Ampert om eigedomsskatt

Sentrale næringslivsaktørar i Stryn har stengt ute takseringsverksemda Industritaksering AS som skal hente inn opplysningar til ny eigedomsskatt. Det melder Fjordingen. Næringslivet reagerer ifølgje avisa på omfanget av informasjon dei skal gje frå seg om maskiner og driftsutstyr som dei meiner ikkje er relevant som grunnlag for eigedomsskatt. Ordførar Sven Flo (H) lovar at kommunen skal finne ei fornuftig løysing på usemja.