Hopp til innhold

Amper stemning i Sogndal

Natt til søndag vart det meldt om amper stemning på utsida av ein restaurant i Sogndal. Ifølgje politiet var det også litt slåsting på staden. Patruljen som rykka ut fekk kontakt med dei tre «hovudpersonane» som alle fekk beskjed om å halde seg borte frå sentrum i Sogndal til etter klokka 08 søndag.