NRK Meny
Normal

Rekordmange søker på ferjejobbar

Amalie Balevik reiste til sjøs for å gå på skule på eit skip då ho var 15. Sidan då har ho reist i 35 land. No vil ho jobbe som matros på ferje heime i Sogn.

Amalie Balevik reiste til sjøs for å gå på skule på eit skip då ho var 15. Sidan då har ho reist i 35 land. No vil ho jobbe som matros på ferje heime i Sogn.
    

MATROS: Amalie Balevik gjekk ein veg ikkje så mange andre jenter på hennar alder gjer.

Amalie Balevik er 21 år. Ho har vore innom 35 land, og medan ho gjekk i lære som matros var ho vekke frå Norge i over 16 månadar.

Etter Amalie har segla gjennom både Asia og Afrika, er ho no tilbake i heimbygda, skriv Sogn Avis.

Etter å ha avslutta lærlingtid på misjonsskipet Logos Hope, har den unge matrosen fått Fjord1-jakka og jobbar ferje eit par dagar i veka..

Ferja MS Gulen mellom Dragsvik, Hella og Vangsnes er arbeidsplassen hennar eit par gonger i veka, men ho håpar på fast stilling.

Amalie Balevik anbefaler jenter å velje yrke til sjøs.

– Når du jobbar, jobbar du. Når du har fri, har du fri lenge. Då kan du sove lenge, gå på fjellet, reise til eit anna land. Det passar meg utmerka, eg trur ikkje eg kunne vald eit betre yrke, seier den unge matrosen.

Ferjer Sognefjorden

DRAUMEJOBB: Amalie Balevik gjekk vidaregåande på skuleskipet Gann i Stavanger. Etter det har ho vore to år i lære som på misjonsskipet Logos hope. No er håpet å få fast jobb på ferje heime i Sogn.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Fleire vil til sjøs

– Vi har 25 prosent fleire søkarar så langt i år som vi hadde i fjor. Altså 1200 søkarar på 30 jobbar, fortel Cicilie Færestrand i Fjord1.

Både Norled, Torghatten og Fjord1 har fått fleire søkarar på jobbane dei siste par åra. Søkarane strøymer til ferjeselskapa etter nedturen i oljenæringa og supplybåtane. Men delen jenter held seg den same.

– Det gir god variasjon i miljøet å ha nokre jenter om bord, utan tvil. Vi skal ta vel i mot om det er fleire jenter som vil jobbe her, seier kaptein på MS Gulen, Harald Hanekam.

Arbeidsmiljøet er ein av dei tinga Amalie likar best med å jobbe på ferja.

– Eg har blitt veldig godt tatt i mot her. Det er så behageleg å jobbe med desse karane. Er det nokre problem så berre snakkar vi om det, så er det ferdig. Det likar eg.

Verdsvant matros

Ferja går i trekant mellom dei tre ferjekaiane, med ti og tjue minuttar mellom kvar gong dei legg til kai. Men blir ikkje einsformig for ein rastlaus og verdsvant 21-åring.

– Eg må bytte omgivnader ganske ofte. Men det går veldig fint på ferja. Når du jobbar, jobbar du. Når du har fri, har du fri. Du kan sove lenge, gå på fjellet, reise til andre land. Det passar meg utmerka. Eg kunne ikkje vald ein betre jobb.

Ferja nærmar seg kai i Dragsvik, og Amalie plukkar fram ein liten krakk.

– Eg er litt låg, så kollegaane mine lagde denne til meg. Då ser eg over kanten når vi legg til kai, seier Balevik og demonstrerer.

Ho trykkar røynd på knappane i boksen. Rampa fremst på ferja senkar seg, og bilane kan køyre ut.

Amalie Balevik

GODT ARBEIDSMILJØ; Amalie Balevik fekk ein liten krakk frå kollegaene slik at ho kan sjå godt når ferja legg til kai og vite når ho skal senke lemmen. – Eg blir godt teken vare på, fortel Balevik.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune