Hopp til innhold

Alvorleg tilstand etter ulukke

Tilstanden er alvorleg for 22-åringen som i går vart skadd i ei arbeidsulukke i Hyllestad, melder Haukeland universitetssjukehus. Mannen fall kring tre meter ned frå eit stillas under byggjearbeid. Han vart slått medvitslaus då han landa på steingrunn. Det var ikkje vitne til ulukka, og politiet opplyser at Arbeidstilsynet er varsla.