NRK Meny
Normal

Alvorleg skadd i trafikkulukke

Ein person vart alvorleg, men ikkje livstrugande skadd, etter ei trafikkulukke i Gulen søndag morgon.

Bilen køyrde i fjellveggen på E39 ved Instefjord søndag morgon. Det var ein passasjer i bilen som vart skadd. Føraren skal ifølgje politiet ha opplyst vassplaning som årsak til ulukka.

Passasjeren vart frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus.