Hopp til innhold

Alvorleg skadd i skiulykke

Ein 24 år gammal mann er alvorleg skadd etter ei skiulykke i Sogndalsdalen søndag ettermiddag.

Hodlekve

Det stadfester Haukeland universitetssjukehus søndag kveld.

– Vi vart varsla klokka 13.37 om at ein person hadde komme over ein skadd skikøyrar, opplyser operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han legg til at saka vart handtert av helsepersonell, politiet rykte ikkje ut.

Den skadde skal ha blitt funnen utanfor dei preparerte løypene, like ved Sogndal skisenter i Hodlekve.

– Om vedkommande har falle i eit hopp, eller treft eit tre var noko uklart. Men han hadde hjelm på, fortel dagleg leiar Cecilie Grindahl ved Sogndal skisenter.

Etter det ho veit skal skikøyraren ha tatt skisenteret sin Rindabotn-heisen opp i fjellet, og så køyrt ned att i upreparerte løyper utanfor skisenteret. Der vart han altså funnen av ein skigåar.

Seinast tysdag vart ei 25 år gammal kvinne alvorleg skadd i ei akelykke ved same skisenter.