Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter arbeidsulukke

Ein 47 år gamal mann er alvorleg skadd etter ei arbeidsulukke på bedrifta Tonning & Stryn i Stryn.

Arbeidsulukke Stryn

ULUKKE: Politi og ambulanse var raskt på staden etter ulukka, der ein mann er skadd etter å ha fått materiale over seg.

Foto: Roger Vik

SISTE: AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser i ei pressemelding at mannen er alvorleg skadd, men stabil. Mannen er flytta til Haukeland.

Politiet fekk meldinga om hendinga klokka 07.45.

Fekk materiale over seg

Operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Espen Gulliksen seier ulukka skjedde då mannen fekk materiale over.

– Det er vanskeleg å seie mykje om kva som har skjedd. Det vi veit er at ein person har fått noko materiale over seg i Stryn, seier Gulliksen.

Arbeidsulukke Stryn

AMBULANSEHELIKOPTER: Kom til staden nærmare klokka 08.30.

Foto: Roger Vik

Politi og ambulanse kom raskt til Tonning & Stryn.

– Personen er medviten, men klager over smerter i rygg og hovud, seier Gulliksen.

Luftambulansen kom også til staden nærmare klokka 08.30. Helikopteret måtte lande eit stykke frå bedrifta, seier NRK sin mann på staden. Mannen vart frakta til Førde sentralsjukehus.

Blir etterforsking

Det vil bli rutinemessig etterforsking av ulukka.

– Ved arbeidsulukker skal politiet og Arbeidstilsynet etterforske, og sjå at alt er i orden med HMS, seier Espen Gulliksen.


stryn