Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter fall på utestad

Ein mann i 20-åra vart like før midnatt send til sjukehus med alvorlege skadar etter ei fallulukke på utestaden Pikant i Førde.

Utestaden Pikant i Førde.

FALLULUKKE: Mannen fall fire til fem meter frå rekkverket og ned på fiskestien som går langs elva.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Mannen var blitt nekta tilgjenge til utestaden, og prøvde så å klatre inn på baksida av bygget, fortel Espen Gulliksen som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Florø.

Politiet vil i løpet dagen snakke med dei som var vitne til hendinga.

Mannen har falle mellom fire og fem meter ned frå rekkverket, og ned på fiskestien som går langs elva. Mannen er lagt inn på Førde Sentralsjukehus med alvorlege skadar. Tilstanden vert opplyst å vere stabil.

– Dette er ei forferdeleg trist hending. At nokon skal falle ned og skade seg slik, seier Tore Solbakken som er ein av medeigarane av Pikant.

Laurdag føremiddag har han møte med dei tilsette og dei andre eigarane om det som har skjedd.

– Eg hadde vel ikkje trudd at nokon skulle klare å klatre opp der han gjorde. No vil vi sjå om det er mogleg å sikre området betre, seier Solbakken.