Hopp til innhold

Alvorleg for 15-åring etter alpinulukke

15-åringen som laurdag morgon fall under fartstrening i Hafjell, får behandling for alvorlege skader.

Mange folk i bakken i Hafjell jula 2014

HAFJELL: Den 15 år gamle guten mista balansen under passering av ein port.

Foto: Kristina Skamsar / NRK

Det opplyste Oslo universitetssykehus seint laurdag kveld. Guten frå Jølster var ein av 60 utøvarar på Sogn og Fjordane skikrins si treningshelg i Hafjell.

Ulukka skjedde i samband med passering av ein port, fortalde Rune Espe som har ansvaret for å legge til rette treninga i bakken.

– Der miste han balansen og fall, han har fått ein skade i hovudet, men eg kan ikkje seie noko om kor alvorleg skadd han er. Heldigvis hadde vi ein lege med i bakken som sette i gang behandling på staden til han vart henta av ambulanse, sa Espe til NRK laurdag.

Guten vart frakta med luftambulanse til Oslo universitetssykehus.