Hopp til innhold

Alt for lang buss stengde Tindevegen

Ein turbuss stod laurdag ettermiddag fast i ein av hårnålsvingane i Kvennhusbakkane i Årdal. Takka vere ein lokal bussjåfør vart bussen etter kvart fjerna.

Kvennhusbakkane

– Det var ein gamal bussjåfør som kom til og hjelpte til, så det gjekk veldig bra, seier trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen klokka 15.

Det var politiet som varsla Vegtrafikksentralen om hendinga i 12.30-tida laurdag. Bilbergar vart då bestilt, og ein frykta vegen kom til å bli stengd nokre timar.

– Bussen var på veg frå Turtagrø mot Årdal, men føraren har nok ikkje fått med seg avgrensinga på åtte meter lengde. Med sine 12 meter er bussen litt for lang til for hårnålsvingane, sa Marius Råve ved Vegtrafikksentralen i Bergen til NRK tidlegare laurdag ettermiddag.

Bilbergarar vart bestilt frå begge sider, og det var ei tid uvisst kor lenge vegen ville bli stengd. Klokka 15 opplyser Vegtrafikksentralen at vegen er opna att for fri ferdsel.

Operasjonsleiar Svein Rune Halleraker i Vest politidistrikt seier politiet ikkje rykker ut til staden. Det er snakk om ein privat veg, og det er busseigar og vegeigar som må ordne opp.