Hopp til innhold

Alle vil jakte på bjørnen

Det har meldt seg folk frå heile fylket som ønskjer å vere med på bjørnejakta som startar i Sogn i dag. Det er 50 år sidan det sist vart jakta bjørn i Sogn og Fjordane.

Einar Fortun med lam som er drepe av bjørn.
Foto: MMS-foto: Arne Eithun / NRK

Fjelloppsynsmann Einar Fortun konstaterte onsdag ettermiddag at bjørnen har teke livet fire nye sauer i Jostedalen.

-  Sauedrapet ser typisk ut. Det er ete på i halsen, og teke fett av bringa og i halsen - så det er mykje som tyder på at dette var bjørn, sa Fortun om det første lammet han fann onsdag.

Dermed blir det bjørnejakt i Sogn og Fjordane. Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hadde fått nok med dei åtte sauedrapa som var kjende frå før. Siste sikre spor etter bjørnen er i Luster, men Yndesdal utvidar også jaktområdet til å omfatte Fjærland.

- Skulle bjørnen gå tilbake dit, er det naturleg at ein kan felle bjørnen også i det området.

Får jakte i to veker

Jegerane skal få tid på seg, 14 dagar i fyrste omgang. Etter det vil fylkesmiljøvernsjefen sjå an utviklinga.

I alt har streifbjørnen drepe minst 12 sauer i Gaular, Fjærland og Jostedalen.  

Einar Hesjedal leitar etter bjørnespor.
Foto: MMS-foto: Arne Eithun / NRK

- Me vurderer situasjonen slik at me har komme over ein terskel med såpass mange skadetilfeller. Jakta blir organisert med eit jaktlag og ein leiar for dette. Det er no han som organiserer søk og jakt vidare fortel Yndesdal. 

- Jegerane er klare

- Me står og ventar på klarsignal, seier formann i sankelaget i Jostedalen, Arne Bjørk. Han er leiar for Skjolden sankelag som formelt har fått fellingsløyvet.

Kven som skal vere leiar for jaktlaget er alt klart, men Bjørk vil ikkje seie kven det er. Bjørnjakt er trass alt kontroversielt.

- Men bjørnejakt er jo ikkje heilt ufarleg, så me hadde sett pris på å få hjelp av Statens Naturoppsyn, seier Bjørk.  

Avstanden mellom sauekadavera er så stor at det må vere to bjørnar, meiner Arne Bjørk. (Arkivfoto)
Foto: MMS-foto: Arne Eithun / NRK

Vil bruke helikopter

Fyrste del av jobben er å finne bamsen. Bjørk har håp om å få helikopterhjelp.

- Eit helikopter kan mellom anna sjå etter spor på breen, det vil vere heilt nyttelaust å jakte etter bjørnen om den allerede har komt seg austover. Siste spor etter bjørnen er trass alt to -tre dagar gamle.