Hopp til innhold

Alice fekk den perfekte julegåva

Fjorten år gamle Alice Kucevic Hugøy brenn for musikk. Over nyttår tek ho med seg gitaren og den vakre stemma si og reiser til London. Der skal ho jobbe med ein av dei store engelske musikkprodusentane.

Alice Hugøy - Syng "Himmel på jord" under juleselskapet på Fjordamattunet 10.desember 2015.

HIMMEL PÅ JORD: Alice Hugøy syng "Himmel på jord".

– I år følte eg at eg fekk julegåva i lang tid på forskot, smiler Alice Kucevic Hugøy. Eg gler meg sånn til å kome til London.

Ho smiler frå øyre til øyre når ho fortel om møtet med stjerneprodusenten Michael Angelo i Høyanger tidlegare i haust. Angelo var ein av kurshaldarane under musikkarrangementet Blest, ei samling for musikkinteresserte i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Trollbunden av Alice si stemme

Angelo er ein kjend produsent, og har produsert låtar for verdsstjerner som Sam Smith og Beyoncé.

Han vart trollbunden då han høyrde Alice sine eigenproduserte songar, og inviterte henne sporenstreks til studioet sitt i den engelske hovudstaden.

– Eg må berre kaste meg ut i det og sjå korleis det går, eg har ingenting å tape, fortel det musikalske stortalentet frå Florø. Dersom eg ikkje skulle lukkast, blir eg i alle fall ei erfaring rikare.

Julemusikk fyller heimen til familien

Før Alice Hugøy pakkar kofferten for å reise til London, rekk ho og bli 15 år, og det på sjølvaste nyttårsaftan. Jula skal ho feire saman med resten av familien i kystbyen.

– Julemusikk betyr mykje for å kome i den rette stemninga, og det er mykje musikk i heimen vår i jula, seier Alice.

Musikken har vore ein del av livet hennar i mange år, og ho har allereie opptredd på eit utal konsertar og musikkarrangement.

– Musikken har vore med meg så lenge eg kan hugse og eg har hatt god støtte og hjelp av familien min. No blir det spennande å sjå kva som skjer vidare, ikkje minst i London, avsluttar Alice Kucevic Hugøy.

Alice Hugøy syng "Let it snow" under juleselskapet på Fjordamattunet i Jølster.

JULESTEMNING: Alice må ha snø for å komme i julestemning. Her syng ho "Let it snow".