Hopp til innhold

Albinotrast i Solund

For ei veke sidan tok Magne Hamre foto av ein fugl han syntest såg uvanleg ut.

Gråtrast med uvanleg farge
Foto: Magne Hamre

For i eit trekk med gråtrast og raudvengetrast på veg mot varmare strok oppdaga han ein fugl som stakk seg ut.

Rast på Hardbakke

Fuglane hadde teke seg ein rast på Hardbakke i Solund, og Magne Hamre er ein mann som aldri har fotoapparatet sitt langt unna. No lurer han på kva slags fugl det er. Sjølv har han ein teori om at det er eit albinoindivid.

Ornitolog Tore Larsen som arbeider på miljøvernavdelinga til Fylkesmannen stadfestar teorien til Hamre.

- Sjeldant med heilt albino

- Det er sjeldan vi ser heilt albino fuglar, for dei skil seg såpass ut, særleg artar som lever i flokk, at dei fort blir plukka vekk av rovfuglar. Eg har ikkje sett ein heilt albino fugl sidan rundt 1990, då det heldt til ein albino tjeld ved Jølstravatnet i nokre år. Som regel er det berre delar av fuglane som er kvite.

- Det er gråtrast

- Denne trasten er fullstendig albino, med raude auge og det heile, men det går likevel an å sjå nokre svake skuggar av teikningane på hovudet. Ut frå desse og den litt oppreiste haldninga er eg ganske sikker på at dette er ein gråtrast.

- Det er eit ganske uvanleg syn, men det spørst om denne karen har noko langt liv framfor seg no når trasteflokkane streifar land og strand rundt.