Onsdag føremiddag – samstundes med at portrettet vart sendt på lokalradioen – heldt fredsforskar Johan Galtung foredrag i Førde om dominansen til USA i verda og rollen til FN. Det skjedde i regi av Senioruniversitetet, der Dagunn Klakegg er sentral.
Soneterapeut
Etter at ho gjekk av med pensjon i Telenor, har ho utdanna seg til soneterapeut, og driv framleis med det. Det er likevel ikkje rett å seie at ho først realiserte seg sjølv etter at ho vart pensjonist. For ho tok utdanning innan økonomi medan ho arbeidde i Televerket, og hadde ei god stilling der då ho gjekk av for aldersgrensa.