Hopp til innhold

Gir ikkje opp

- Agora Cirkus har komme for å bli, seier sirkusdirektøren etter at sirkuset hans har slått seg konkurs.

Jan Ketil Smørdal
Foto: Larsen, Annemor / VG

Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal vil ikkje gi seg, trass konkurs og ei gjeld på 4,6 millionar kroner.

- Det er bittert

- Akkurat no må eg berre ri stormen av, men så skal eg brette opp ermene, og starte med blanke ark, seier Smørdal.

Ein tur til Island under kredittkrisa medførde at dei ikkje fekk oppgjer. Dét, høge dieselprisar og sviktande publikumsinteresse gjorde sitt til at sirkuset gjekk konkurs, og har 4,6 millionar kroner i gjeld.

- Det er klart det er bittert. Agora er livsverket mitt, og det er vondt å vere i vanskelege tider, seier Smørdal.

Skal bli gammal sirkusdirektør

Men han vil ikkje gi seg av den grunn.

- Eg jobbar intenst med nye idear og planar for sirkuset. Eg har alltid sagt at eg skal bli gammal i dette yrket, og dei orda må eg berre stå for, seier sirkusdirektøren.