Åge Nigardsøy er død

Norges Blindeforbund sin tidlegare leiar, Åge Nigardsøy, døydde måndag kveld etter lang tids kamp mot kreft.

Åge Nigardsøy

Åge Nigardsøy frå Bremanger vart 53 år gamal.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Nigardsøy var fødd i Bremanger og var i sju år leiar i Blindeforbundet. September 2007 gjekk han av på grunn av sjukdomen. Nigardsøy var 53 år gamal og etterlet seg kone og to søner.

- Våre tankar går no til Åge sin familie, som har mista ein god ektemann og far. Både tillitsvalde og tilsette i Blindeforbundet har motteke meldinga om Åge sin bortgang med stor sorg, seier generalsekretær Gunnar Haugsveen i Norges Blindeforbund.

Allereie som sjuåring tok Nigardsøy vegen til blindeskulen i Trondheim. Etter grunnskulen flytta han til Oslo der han tok utdanning som pianostemmar. Han praktiserte yrket i nokre få år, før han tok til med blindesaksarbeidet.

Nigardsøy har vore ein sentral tillitsvald i Blindeforbundet i ei årrekkje og var medlem av statens råd for funksjonshemma. I tillegg leia han avdelinga for Lydproduksjon i Trondheim og var opphavsmann til at Norges Blindeforbund var ein av dei første organisasjonane i landet som fekk - og dreiv - nærradio. Det skjedde først i Trondheim, og seinare også i Oslo, Drammen og Arendal.