Men sist helg arrangerte Jeger- og fiskeforbundet ei kvinnesamling i Aurland, med rypejakt i statsalmenningen. Med fersk jegerprøve-attest, tok reporter Anne-Mette Hjelle steget. Også ho ville bli rypejeger.
Ofra reinsjakt
Grete Mikaelsen og Kristin Halvorsen
Alt var klart. Kvinnesamling i regi av Norges jeger- og fiskeforbund, avdeling Sogn og Fjordane. Vi var seks kvinner og to menn. Mennene var Erling Nesbø og Hans Erik Vikøren frå Aurland jakt- og fiskelag, som ofra ei ypparleg reinsjakthelg for å hjelpe oss. Og den hjelpa var god.
Første jakt
Fleire av oss hadde aldri jakta på rype før. Sjølv hadde eg nettopp teke jaktprøva. No var tida inne. Vi sjekka inn på Østerbø fjellstove med pikkpakket, før Erling & co tok oss til fjells.
Mi første rype!
Det tok ikkje lang tid før det smalt. Og det var eg som skaut. For ei enslig rype dansa plutseleg rett framfor meg - 10-15 meter unna. Eg gav ho eit skot utan eingong å få høg puls. Den nydelege fuglen låg i ein høgst unaturleg stilling og det stakk i samvitet.
God stemning
Solveig Roti Åsen, Sandane, Olin Almenning Ravnestad, Sandane og Kristin Halvorsen frå Florø med rypene.
Men Erling kom raskt til, gav meg nokre rosande ord og fortalte om balansen i naturen. Hadde ikkje eg teke ho, hadde rovfuglen eller andre jegerar gjort det. Truleg hadde ho mista kullet sitt i juni, då snøen tok frå dei all mat. Eg var ovenpå. Fersk jeger og allereie ei rype i sekken. Slikt blir det god stemning av i kaffipausen. Og sjølvsagt - eg måtte vise ho fram!
Frå snø til sol
Vi jakta iherdig resten av dagen. Og mens fjellet først baud på snø, hagl, sterk vind og tåke, varta vergudane no opp med sol frå blå himmel, som fekk haustfargane til å gnistre og vi kunne sjå langt innover mot nabofylket i aust.
Kjappe ryper
Rype såg vi derimot lite av. Dei vi såg var kjappe til å kome seg vekk og den sterke vinden gav dei medvind. I sekstida om kvelden for vi nedatt til Østerbø fjellstove. Nokre av oss veldig slitne, men alle i herleg humør. Detta var gøy!
Kan anbefalast
Stemninga på jaktsamlinga for kvinner var det ingenting å klage på. Helga blei akkurat slik eg håpte den skulle bli. Rypejakt om dagen og jakthistorier og god mat og drikke om kvelden. Og det beste av alt - nær alle fekk med seg sjølskotne ryper heimatt!
Deilig med nistepakke og kaffi i haustsola.